Bergen: Nullvisjon for bustadløyse i Hordaland og Sogn og Fjordane? Alle skal bu godt og trygt

Start: 17. januar 2018 10:00
Slutt: 17. januar 2018 16:00
Sted: Bergen - Radisson Blu Royal Hotell, Dreggsalmenningen 1, 5003 Bergen
Pris: Deltakeravgift: kr. 595,-. NB! Fylkesmannen i Sogn og Fjordane dekkjer deltakaravgift for deltakarar frå eige fylke. Ver merksam på at påmeldinga er bindande!
Påmeldingsfrist: 11. januar 2018 23:30

Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Helse Vest RHF og Husbanken inviterer til konferanse i Bergen 17. januar. Her vil du få presentert faglege innlegg om temaet bustadsløyse, samt erfaringar frå praksisfeltet.

Program 

  • Evelyn Dyb frå NIBR vil fortelje om kartlegginga av bustadløyse i Noreg, og kva tala betyr for Hordaland og Sogn og Fjordane.
  • Innlegg ved Osmund Kaldheim, adm. dir. i Husbanken.
  • Psykiater og grunnleggjar av prosjekt «Udenfor», Preben Brandt vil dele sine tankar med oss frå si siste bok «Det hjemløse menneske», samt erfaringar frå sitt arbeid.
  • Lars Sponheim, Fylkesmannen i Hordaland, vil til slutt leie ein debatt der utvalde kommunar vert utfordra på temaet bustadløyse og nullvisjon.
  • Gunnar O. Hæreid, assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane er ordstyrar for dagen.

Målgruppe

Politikarar, rådmenn, planleggjarar, leiarar, medarbeidara, statlege etatar og andre samarbeidspartnarar.

Føremål

Gje oppdatert kunnskap om bustadløyse, og å motivere til fortsatt ambisiøs innsats i arbeidet med å førebyggje dette.

Om foredragshaldarane

Foredrag

"Kartlegging av bostedsløse", ved Evelyn Dyb

"Visjonen er lik null for bostedsløse", ved Osmund Kaldheim

Boka "Mødet med det hjemløse menneske", ved Preben Brandt

"Rettighetsinngripende tiltak i kommunale botilbud", ved Møyfrid Kjølsdal

"Nullvisjon for bostedsløse fra ingen ting til borger", ved Dennis Victor Beuster

Betydeleg færre bustadlause - korleis kjem vi vidare?,ved Lars Marius Ulfrstad