Handlingsplan 2011-2015 universell utforming

Husbankens handlingsplan skal medverke til at Husbanken når overordna mål om å auke talet på universelt utforma bustader, bygg og uteområde. Handlingsplanen viser korleis ein kan nå måla gjennom målretta bruk av grunnlån og andre verkemiddel.

Målet om auka tilgjenge i samfunnet har høg prioritet. Regjeringa sin visjon er at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Denne handlingsplanen skal legge føringar for korleis Husbanken skal arbeida innan feltet universell utforming gjennom mål og strategiar.

Planen viser også korleis Husbanken skal følgje opp regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009-2013.

Regjeringa prioriterer fire innsatsområde i handlingsplanen for universell utforming og tilgjenge:

1. Bygg og anlegg
2. Planlegging og uteområde
3. Transport
4. IKT