NAV/Husbanken: Boligtilpassing

Ny utgåve av hefte om tilpassing av bustader, utgjeve av NAV og Husbanken (2012).

Roller, ansvar, samarbeid, rådgiving og finansiering i forbindelse med tilrettelegging av bustad blir omtala og utdjupa i dette heftet, som er utvikla i et samarbeid mellom NAV og Husbanken. Heftet vart revidert i august 2012.

Målgruppa for dette heftet er personar med nedsett funksjonsevne, pårørande, tilsette i kommunen og andre som skal bidra til å leggje til rette eksisterande bustad slik at den vert tilgjengeleg og funksjonell.

Få bustader er tilpassa personar som har nedsett funksjonsevne. Mange får problem med å bli buande i bustaden sin grunna nedsett bevegelse, syn, hørsel, allergi eller av andre årsakar. I følgje den siste folke- og bustadteljinga er berre ni prosent av bustadene i landet egna for rullestolbrukarar. Tilpassing av bustad er difor eit viktig verkemiddel for å sikra at personar med nedsett funksjonsevne får eigna bustad. Dette bidreg til at dei i større grad meistrar eige buforhold og at behov for tenester vert redusert.