Flora kommune: Planomtale

Kommunedelplan for Florø sentrum, utarbeidd av Flora kommune (2012).

Vi veit frå andre stader og forsking at stader som har eit bevisst forhold til stadsutvikling er dei som klarer å trekke til seg nye innbyggarar, næringsliv, investeringskapital med meir. Difor har Flora kommune bevisst satsa på sentrumsutvikling i Florø. Litt meir konkret kan dette oppsummerast med følgande punkt. 

  • Å sørge for ei overordna og samordna samfunnsutvikling innanfor sentrum av Florø.
  • Gjere det mest mogleg oversiktleg og fortutsigbart kva som er gjeldande plan for utvikling av sentrum. Dette er viktig for næringsliv, innbyggarar, politikarar osv. Dette er også grunnlaget for å løyse ut gjennomføring av både private og offentlege prosjekt.
  • Ein god sentrumsplan, der det er eigarskap til innhaldet frå både private og det offentlege er med på å gje grunnlag for å kunne søke eksternt samarbeid og finansiering når det gjeld gjennomføring av prosjekt. Dette inneberer mellom anna at planen er med på å finne gode rammer for samarbeidsløysingar mellom offentlege instansar og private om gjennomføring og finansiering av prosjekt.
  • Planen er med på å danne grunnlaget for eit samarbeid om drift av funksjonar i byen, t.d. eit felles parkeringsselskap og drift av ”Byen vår Florø”.
  • Sentrumsplanen er eit godt verktøy i forvaltninga som vil redusere sakshandsamingstid både hos private aktørar og hos kommunen. Dette vil gje innsparing for alle partar. 
    (Kilde: rapporten)