Telemarksforsking: Berekraftig stadutvikling

Rapport om verktøy for å vurdere ulike utbyggingsalternativ, utarbeidd av Telemarkforsking (2011).

På oppdrag frå Midt-Telemark Næringsutvikling har Telemarksforsking gjennomført arbeidsmøte med planforum i Midt-Telemark i prosjektet "Attraktivt Midt-Telemark". Hensikten har vore å utvikle eit verktøy som kommunane skal kunne bruke for å vurdere ulike utbyggingsalternativ opp mot kvarandre.

Dette verktøyet skal bidra til ein kommuneovergripande planprosess, der auka attraktivitet er overordna. I eit tidlegare prosjekt er det utvikla framtidsbilde, som dette prosjektet byggjer vidare på. Arbeidet har vore knytt opp mot prosjektet Regionale kulturøkonomiske strategiar for auka attraksjonskraft, som er ein del av VRI Telemark.

I dette notatet presenterast kort rammene for eit slikt verktøy. Verktøyet må tilpassast etterkvart som det blir skaffa brukarerfaringar med det. (Kilde: rapporten)