Fjell kommune: Sjef i eige liv

Rapport om helse- og omsorgstenester i framtida, utgitt av Fjell kommune (2012).

Korleis skal ein kommune møte det gledelege faktum at vi vert langt fleire eldre i tiåra som kjem? Kva røynsler frå tiåra som ligg bak oss bør vi ta med i framtidsplanane? Kva rolle kan samhandlingstiltak som nytt lokalmedisinsk senter spela i framtida og korleis skal det organiserast og finansierast? Og ikkje minst; kva skal til av assistanse frå det offentlege og nærmiljøet for at folk skal kunna bu lenge og vel i eigen heim?

Det var desse sentrale problemstillingane Fjell kommune og Husbanken Region vest vart samde om å finna svar på i prosjektet ”Helse – og omsorgstenester i framtida”. Temaet er kommunen sine framtidige helse- og omsorgstenester med vekt på dei eldre sine behov. Framtida vil krevja at kommunen er ein tenesteytar innan helse og omsorg, men også ein tilretteleggjar av andre sin innsats. På det viset kan folk med redusert helse få hjelp og støtte slik at dei fleste framleis kan bu heime og vera sjef i eigne liv.
(Kjelde: rapporten)

Sjef i eige liv

Sjef i eige liv

Helse- og omsorgstenester i framtida

Fjell kommune, 2012

Utarbeidd med kompetansetilskot frå Husbanken