Frå 80-talshus til passivhus

Oppgradering av ein einebustad i Isterdalen i Rauma kommune. Einebustaden er den fyrste som blei oppgradert til denne standarden i 2014.

Frå 80-talshus til passivhus

Sluttrapport til Husbanken

Magne Bergseth, sivilark mnal
ISBN:978-82-999528-1-1 

Huset er tidstypisk frå tidleg 80-tal og der eigaren er miljøbevisst og veldig innstilt på å forbetre huset med omsyn til miljø og energiforbruk så langt det er mogeleg innafor overkomeleg innsats og investeringar. I hovudsak skulle det dreie seg om oppgradering av omsyn til miljø og energibruk. Ikkje planar om tilbygg eller tiltak som i vesentleg gradendrar huset sin arkitektur eller «oppstashing» med moteprega pynt, karnapp, ark og liknande. Huset var bygt med u-innreia loft, som seinare er innreia og det er og bygt til eit tak over inngangspartiet og ein veranda. Ingen av desse tiltaka var byggemeldt av den 1. eigaren. Slik seinare innreiing av loft er og eit nokså tidstypisk føretak. Konsekvensen vart då ofte litt dårleg tetting og isolasjon særleg mot uisolerte rom utafor kneveggane. Einebustaden var den fyrste som blei oppgradert til passivhusstandard i 2014, og er eit førebilete på nasjonalt nivå. 

Meir om einebustaden i Isterdalen