NOU-rapport om klima

NOU-utvalet la i 2010 fram rapporten ”Tilpassing til eit klima i endring”. Her er nokre av utvalet sine tilrådingar.

I november 2010 overleverte Klimatilpasningsutvalget utgreiinga ”Tilpassing til eit klima i endring” til miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. For fyrste gong gir eit regjeringsoppnemnd utval eit samla bilete av kva for konsekvensar klimaendringar kan få for norsk natur, samfunn og næringsliv.

Rapporten gjer greie for mellom anna for tilpassingar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, økonomiske konsekvensar for klimaendringar og har eit eige kapittel om infrastruktur og bygningar.