Korleis skaffe rimelege bustader?

Eksempelsamling om rimelege og robuste bustader, utarbeidet av Husbanken (2009).

Denne eksempelsamlinga viser kva enkelte kommunar og andre har fått til når det gjeld framskaffing av rimelege og robuste bustader. Dei har brukt ulike byggjemetodar, ulike finansieringsmodellar, og prosjekta er retta mot ulike målgrupper.

Skal vi lukkast må verkemiddel som bustønad, startlån, bustadtilskot og grunnlån sjåast i samanghang. Kommunane har også høve til å medverke med rimelege tomter, sosialhjelp eller kommunal bustønad. Det aller viktigaste er likevel at kommunane prioriterer arbeidet på bustadsektoren høgt, både politisk og administrativt. Husbanken sine regionkontor kan gje råd og innspel i arbeidet, og hjelpe kommunane til å utnytte dei statlege verkemidla maksimalt. (Kilde: Innleiinga)