Å bygge stein på stein. Gode grep i helhetlig boligsosialt arbeid for vanskeligstilte barnefamilier

Frå 2015 til 2017 har NTNU samfunnsforskning følgd nettverket «Betre bu – og levekår for vanskelegstilte barnefamiliar» i Midt-Noreg. Rapporten ser på erfaringar frå 3 kommunar, på kva dei meiner er viktige for at dei skal lykkast med arbeidet med vanskelegstilte barnefamiliar.

Frå 2015 til 2017 har NTNU samfunnsforskning følgd nettverket «Betre bu – og levekår for vanskelegstilte barnefamiliar» i Midt-Noreg. Nettverket var organisert som eit læringsprosjekt, leda av ei arbeidsgruppe samansett av dei ulike statlege aktørane i regionen, som ei operasjonalisering av den statlege strategien «Bolig for velferd» (2014-2020)

Rapporten har fokus på tre kommunar som var med i nettverket, og ser på kva erfaringar kommunane meiner er viktige for at dei skal lykkast med arbeidet med vanskelegstilte barnefamiliar. Rapporten tar føre seg:

  • Verdals arbeid med etablering av bustadkontor og etablering av lokalt nettverk for betre bu- og levekår for vanskeligstilte barnefamiliar
  • Stjørdals etablering av bustadteneste med fokus på barnefattigdom.
  • Malviks arbeid med barneperspektivet i NAV og med egen eid bustad i fokus.

Dei viktigaste føresetnadene for å lukkast:

Kommunane sjølv meiner at dei viktigaste elementa som må vere på plass for å lukkast med eit heilskapleg og koordinert arbeid med vanskelegstilte barnefamiliar kan summerast opp slik:

Føresetnader for heilskapleg arbeid:

  • At leiinga støttar og gir rom for kreativ jobbing
  • Arbeidsmetodar og satsingar må vere politisk og administrativ forankra
  • Medarbeidarane må ha fridom og tilgjengelege midlar slik at dei kan satse på samordning og samarbeid.
  • Nok ressursar til koordinering av arbeidet – og eit tydeleg ansvar for koordinering som involverer fleire instansar.
  • Medarbeidarar med engasjement, lang erfaring og med stabilitet over tid.
  • Nye personar som kjem inn i arbeidet med eit nytt blikk og andre erfaringar må brukas som ressurs.
  • Medarbeidarar som ser heilskapen og som legg til rette for samarbeid på tvers av sektorar og etatar, og som ser nytta av og lykkast med å jobbe aktivt mot politisk nivå i kommunen.
  • God fagleg ballast jos dei som setter i gang, søker om midlar til, og leder prosjekta.

Føresetnad for suksess i møte med brukarar:

  • Heilskapleg perspektiv – evne til å sjå heile mennesket og familien.
  • Fokus på kva ressursar folk har og korleis dei kan hjelpe seg sjølv.
  • Tett oppfølging.
  • Evne til å bygge tillit.
  • Rom for prøving og feiling.
  • Målretta bruk av verkemiddel, og evne til å sjå alle virkemiddel og tenester i samanheng.

Fleire av informantane legg vekt på at bustadsosialt arbeid er særs viktig møte med vanskelegstilte barnefamiliar. Gjennom heilskapleg og målretta arbeid kan ein løyse sosiale problem og hindre at kommunane må drive «brannslokking».

 Forside av rapporten, Illustrasjon/tegning av en vei som går gjennom en bebyggelse.

Å bygge stein på stein

Gode grep i helhetlig boligsosialt arbeid for vanskeligstilte barnefamilier

Melina Røe
NTNU Samfunnsforskning, februar 2018