Nasjonal konferanse om universell utforming i september
Direktoratet for byggkvalitet, Miljøverndepartementet, Husbanken, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Stord kommune inviterer til nasjonal konferanse om universell utforming i bygg, bustader og uteområde.
Konferansen har fått namnet Hit eit steg og dit eit steg, og vert arrangert i Bergen 27.- 28. september. Føremålet med konferansen er å inspirera, spreie kunnskap, erfaringar og gode eksempel på universell utforming som eit kvalitetskrav og ein strategi for sosial tilgjenge. Viktige stikkord er likeverd, demokrati og bærekraft.
Konferansen og samlinga skal:
- Formidla og kommentera politiske føringar for Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming med særleg fokus på bygning- og bustadpolitikken
- Auke kunnskap om betydningen av lysdesign og akustikk
- Inspirere til god planlegging av byrom og bustadområder
Spanande program og synfaring
På programmet står mellom anna foredrag frå administrerande direktør i Husbanken, Bård Øistensen, førsteamanuensis og leiar av byggeskikksjuryen Erling Dokk Holm og dei to lysdesignarane Olsson og Lindner frå Jönkøping.
Dag 2 er satt av til synfaring til den nyleg opna mathallen på fisketorget, bybanen og byvandring med Arve Nilsen, rådgjevar hos Byantikvaren i Bergen.
Målgruppe
Konferansen er for tilsette i kommunar, etatar og direktorat som arbeidar i feltet universell utforming og bygg, bustad og uteområde, byggjebransjen/ aktørar i byggnæringa samt andre som har interesse for temaet.
Sjå fullstendig program og meld deg på her
Opprettet: 04.06.2012 - Sist oppdatert: 05.06.2012