Utviklingsdirektør Johan Galster i 2+1 idebureau, Svava Riesto, kunsthistorikar og forskar samt Thomas Kock, arkitekt i Polyform arkitekter arbeidar med konseptutvikling, områdeplanlegging og branding i Danmark.
Dei er opptekne av verdibasert byutvikling, og å betre utsette bustadområde gjennom mellom anna «branding».

Opptekne av verdibasert byutvikling: Frå venstre Svava Riesto, kunsthistorikar, Johan Galster i 2+1 idebureau og Thomas Kock, arkitekt i Polyform arkitekter.
Branding er meirverdi
Branding handlar om å skape identitet, som kan gi eit område ein meirverdi. Eit eksempel på dette er bydelen Vollsmose i Odense. Dette er ein bydel med om lag 10 000 innbyggjarar og er i dag mest kjent for ghettifisering, sosial problem og kriminalitet. Bydelen er bygningsmessig eit moderne bustadområde med god arkitektur, lyse og gode grøntområde, men noko gjekk galt. Så gale at styresmaktene ønskte å rive blokkene.
Over 50 % av innbyggjarane i Vollsmose er innvandrarar. Få etniske danskar har vore der, men alle har ei meining om bydelen - og den er negativ. Innbyggjarane sjølv har ei meir positivt oppfatning, og kriminaliteten er lågare her enn i Odense sentrum.
Vollsmose som opplevingstypologi
Johan Galster har saman med Odense kommune arbeidd for å gi bydelen ein ny identitet gjennom ein alternativ planleggingsstrategi. Tidlegare har det vore slik at arkitekten hadde hovudansvaret for utbygging av eit område. Han var eit slags overmenneske, som skulle ha både arkitektonisk, økonomiske og teknisk oversikt over prosjektet. Dagens modell områdeutvikling er mykje meir prega av samarbeid mellom fleire involverte aktørar, mellom anna bebuarane.
Involvering viktig
Involvering var eit kjerneomgrep i måten dei arbeidde med å gi staden ny identitet. Dei lokale aktørane må få eit medeigarskap til arbeidet. Bebuarane er ekspertane på sitt eige bustadområde, og dei må få reell innverknad på rehabiliteringsarbeidet. Ein må dessutan vere open og ærleg i samarbeidet
og engasjere ambassadørar for prosjektet, slik at desse kan marknadsføre arbeidet både internt og eksternt. Galster streka og under at det er viktig å profilere synlege delresultat under vegs.
- Det som ikkje blir kommunisert, eksisterer ikkje, poengterte utviklingsdirektør Galster.
Viktig fornying av byutviklingsmetodikk
- Dei tre står for ei fornying av byutvikling gjennom ei tverrfagleg tilnærming. Dei engasjerer grupper, som vanlegvis ikkje
har blitt hørt i planarbeidet, seier sjefarkitekt Hjalmar Styve ved Husbanken Region vest. Idebyrået 2+1 har til dømes trekt inn ungdom og innvandrarar. Dessutan legg dei vekt på omgrep som visjonsplanlegging, image og branding. Dette representerer ein ny måte å drive byplanlegging på. Dei er opptatt av korleis ein kan arbeide med verdiar i byutvikling, og korleis vi kan utnytte dei ressursane som innvandrarar sin kultur representerer. Her meiner eg det er viktig at Husbanken er på banen for å følgje med på kva som skjer innan moderne samfunnsplanlegging, seier Styve.