Med stønad på kr 170 000 frå ordninga ”Fjern hundre hindringar” kan laksefiskarar og andre, som må nytte rullestol for å kom seg fram, no fiske frå land like lett som funksjonsfriske. Dette har Eid kommune i Sogn og Fjordane oppnådd ved byggje ein elvesti og ”nedstigingsrampar” ved sjøgata.
Tidlegare var elva utilgjengeleg for mange både på grunn av vegetasjon og bratte hellingar ned til elva. Kommunen valde å opparbeide elvestien på grunn av stor aktivitet på den ombygde Ekserserplassen og i Småbåthamna like ved. Her har dei hatt eit nært samarbeid med Plassens Venner om å utvikle ein park og aktivitetsområde. Med utgangspunkt i universell utforming har dei laga ein mur i naturstein frå Os bru til småbåthamna.
Det var Plassens Venner som tidlegare fekk utarbeidd ein plan for elvesti langs delar av Eidselva og gjennomført ei universell planlegging for Eksersérplassen på Nordfjordeid.
Éi elv – fleire eigarar
Eksersérplassen er i kommunale eige og grensar i sør mot Eidselva. Eit tilstøytande område fram til båthamna er i privat eige, og eigaren har samarbeid tett med kommunen for å få til ei god løysing langs strandkanten. Vedkomande har også forplikta seg til at rullestolbrukarar/barn og ungdom kan få disponere lakseretten deira i delar av året. Eigaren har vidare gått med på at det vart opparbeidd ein sti tilpassa rullestolbrukarar langs dette private området.
I samband med legging av røyr for fjernvarme vart det tidlegare lagt ein ny mur langs sjøgata. Her er det no bygd to opningar mot stranda med ein stigningsgrad, som gjer det mogeleg for rullestolbrukarar å ta seg fram.
Elvestien er bygd med ein mur av naturstein ut mot elva og er 2,5 meter brei. Stien startar med ein ”sitjestein” i framkant, slik at muren fungerer som ryggstøtte. Den private eigaren har også sett opp opne toalett og dusjar for båtturistar og andre.

”Vandrande” rullestolfiskarar
Eid kommune har samarbeid med mellom anna Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) om ei elveførebygging i delar av området. Gjennom samarbeid med Plassens Venner er det lagt til rette for at handikappa kan fiske frå sjøkanten. Dei vil såleis få ei kjensle av å kunne ”vandre” langs elva på same elva på same måte som funksjonsfriske.
Historisk Eksersérplass
Lite ante dei vel, soldatane, som i gamle dagar heldt til på den gamle eksersérplassen i Nordfjordeid, at den skulle få ei ny utform basert på universell utforming. Heller ikkje at det skulle kome ein sti langs elva, slik at elvekanten vart tilgjengeleg for folk flest. Eksersérplassen er seinare blitt til Eid kommune sin Tusenårsstad.
Bygginga av elvestien, rehabiliteringa av Eksersérplassen til rekreasjonsområde saman med god skilting har gjort staden attraktiv for mange brukargrupper. Ein gamal vaskeplass har tidlegare fått nytt vaskehus saman med området Jektehola. Den blir nytta som base for gamle båtar under Norrøn kulturfestival under kapproing på fjorden. Saman med bygginga av elvestien er dei historiske museumsbygga restaurerte, slik at heile området langs sjøen har blitt tilgjengeleg for fleire.
Ordninga "Fjern hundre hindringar"
"Fjern hundre hindringer” er en tilskottsordning som administreres av Husbanken. Hensikten med ordningen er å bidra til å fjerne hindringer som representerer alvorlige begrensninger for personer med nedsatt funksjonsevne i kommunene. Dette forutsetter et forarbeid der man har avklart hvilke tilgjengelighetsproblemer som finnes og at det er prioritert mellom dem.
Hvilke type tiltak som kan få tilskudd som kan gjelde innen stedsutvikling kan være forbedringer innen offentlige bygg og uteområder. Turområder har også fått bedret tilgjengelighet med støtte fra ordningen