Frukostmøte Bergen: LED - energieffektiv belysning?
Start: 29. august 2012 08:00
Slutt: 29. august 2012 10:00
Sted: Rådhuskantina
Pris: Arrangementet er gratis og ope for alle
Påmeldingsfrist: 27. august 2012 12:00
Haustens første frukostmøte handlar om LED belysning, og vi stiller spørsmålet: Er det så bra og miljøvenleg som det hevdast?
Dette møtet handlar om LED lys. Kor bra er LED belysning i dag i forhold til anna belysning både når det gjeld kvalitet, pris og levetid? Får vi det lyset vi trur? Vi får høyre om vurderingar og erfaringar ved installasjon og bruk.
Program
Velkommen
Heilt konkret: Dagslys (presentasjon i pdf)
v/Anne Sofie Handal Bjelland, Høgskolen i Bergen
LED - får vi det lyset vi trur? (presentasjon i pdf)
v/ Pål Johannes Larsen, Norconsult
Vurderingar ved installasjon av LED belysning (presentasjon i pdf)
v/ Pål Johannes Larsen, Norconsult
Tid for diskusjon
Etter møtet kl 10:00: Muligheit for konkrete spørsmål til Frukostpanelet
Last ned program (PDF)
Pål Johannes Larsen frå Norconsult har dei seinaste åra vore tilsett ved NTNU der han har skrive ein PhD avhandling om optimal utnytting av veglys i forhold til energieffektivitet. I Norconsult bruker han mykje tid på etterkontroll og måling av lysanlegg både innandørs og ute for å kontrollere om dei leverte anlegga gir det lyset som vi trur.
Frukostmøtet er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannens Landbruksavdeling, Husbanken, Høgskolen i Bergen og Bergen Arkitektskole.
Opprettet: 06.07.2012 - Sist oppdatert: 31.08.2012