Om klage på vedtaket

 Du kan klage på alle forhold knytta til vedtaket om startlån. Klagefrist er 3 veker etter at du har motteke vedtaket.

Du kan klage

  • dersom du fekk avslag på søknaden om lån
  • på beløpet som er innvilga
  • andre forhold

I klagen må du opplyse om kva du klagar på og grunngje klagen. Du kan òg leggje ved anna dokumentasjon.

Klagen sender du til det kontoret i kommunen som behandla søknaden. Dei vil sjå på saka di på nytt, og dersom dei ikkje endrar vedtaket, vil saka bli sendt til kommunen si klagenemnd for behandling.

Opprettet: - Sist oppdatert: 14.02.2011