Nødvendig dokumentasjon
Du må dokumentere alle inntekter og utgifter når du søkjer om startlån
Sørg for å leggje ved dokumentasjon på alle inntekter og utgifter du har. Aktuell dokumentasjon er:
- Utskrift av siste likning
- Dersom du har gjeld frå før, bør du leggje fram:
førhandsutfylt sjølvmelding eller eit dokument frå likningskontoret som spesifiserer kven du har gjeld til og kor stor denne gjelda er
dokumentasjon på kor mykje du betaler på det enkelte lånet - Kopi av månadlege utbetalingar av alle inntekter inkludert løn, pensjonar, bidrag, stønader o.a. Har du variable lønsinntekter, må du dokumenter kva du har hatt i inntekt i inneverande år.
- Det kan òg vere aktuelt å be om å få dokumentasjon på til dømes:
- lån du får frå privat bank. Dokumentasjonen må vise storleiken på lånet. Dersom du fekk avslag, så bør dette leggast ved søknaden om startlån.
- utskrift av likning for 2 år tilbake
- lønsslipp for fleire månader
- bidrag du er pliktig til å betale
- nedbetalingsplan frå kredittinstitusjonr om restgjeld og lånevilkår
- bidragstrekk eller andre påleggstrekk
- utgifter til barnepass
- separasjonspapir, skifteavtale
Er du i tvil om kva dokumentasjon du skal leggje ved? Ta gjerne kontakt med kommunen før du søkjer.
Opprettet: 16.11.2010 - Sist oppdatert: 13.01.2011