Grunnlån for bygging av bustad
Grunnlånet kan nyttast til å byggje nye bustader, utbetring av bustader, ombygging av bygningar til bustader, og kjøp av nye og brukte utleigebustader for prioriterte grupper. Det blir stilt krav til kvalitet, miljø og universell utforming for å få grunnlån.
Kva er grunnlån?
Grunnlånet kan nyttast til
- nye bustader
- utbetring av bustader
- ombygging av bygningar til bustader
- kjøp av nye og brukte utleigebustader.
Ein kan òg søkje om grunnlån til barnehagar, studentbustader og andre lokale, som grendehus og felleslokale som er ein naturlig del av bumiljøet.
Søknad skal sendast til Husbankens regionkontor.
Nye bustader
Husbanken kan gje grunnlån på 80 % av prosjektkostnadene eller salsprisen dersom prosjektet tilfredsstiller kriteria for universell utforming og miljø. Kriteria for universell utforming og miljø finn du i rettleiaren til grunnlånet, sjå boksen "Verktøy og rettleiing" til høgre.
Grunnlånet skal som hovudregel vere sikra med 1. prioritets pant i eigedomen.
Lån til utbetring
Ved utbetring kan grunnlånet utgjere inntil 100 % av dei utbetringskostnadene Husbanken godkjenner.
Ved utbetringsarbeid kan lånet bli gjeve med etterståande pant.
Kven kan søkje?
Privatpersonar, utbyggjarar, bustadbyggjelag, burettslag, kommunar, fylkeskommunar, selskap og stiftingar kan søkje om grunnlån.
Husbanken krev normalt at den som har heimel til eigedomen er låntakar.
Refinansiering av bustadlån
Husbanken gjev som hovudregel ikkje lån til refinansiering av bustadgjeld.
Husstandar som slit økonomisk og som står i fare for miste bustaden sin pga svak økonomi, kan søkje kommunen om startlån til refinansiering slik at husstanden kan bli buande i bustaden. Ta kontakt med kommunen din for meir informasjon om startlån og mogleg refinansiering av låna dine.
Lån til allereie oppførde bustader
Husbanken gjev som hovudregel ikkje lån til allereie oppførde bustader.
Vanleg saksgang er at ein må søkje om lån før byggjestart. Når vilkåra for lån er oppfylt, gir Husbanken lånetilsegn om grunnlån.
Ofte stilte spørsmål og svar om Grunnlån
Opprettet: 29.11.2010 - Sist oppdatert: 01.03.2013