For å hjelpe og hindre utkasting frå burettslag på grunn av misleghald av kommunale bustadlån blei det i 2009 starta opp eit to-årig tvangssalsprosjekt. Sluttrapporten er no gjort tilgjengeleg.
Tvangsalgsprosjektet er eit samarbeid mellom bustadbyggjelag og ulike etatar i Bergen kommune. Prosjekteiar er bustadsjefen i Bergen. Husbanken har finansiert prosjektet med kompetanse-tilskottsmidlar.
Kortare veg til tvangssal
Endringa i Borettslagsloven av 15. august 2005, førte til at burettslag ikkje lenger kan ta ut påkrav om utkasting på bakgrunn av ubetalte fellesutgifter, men må gå vegen direkte til tvangssal. Dette viser seg vere langt meir tidkrevjande enn tidlegare, og medfører betydeleg gjeldsauke for dei involverte, samt større tap for kreditorane (burettslaga).
Godt samarbeid
For å løyse vanskelege saker og gi rett hjelp til husstandar som står i fare for å mista bustaden sin, har det vist seg å vere veldig viktig å få lokalisert og koma i kontakt med alle involverte instansar i prosessen rundt tvangssalet, samt ikkje minst, dei som rår over verkemidlane. Rollene til alle desse partane, bustadbyggjelaga, Tingretten, medhjelparane, Namsmannen, startlånstakarane, Nav/sosialteneste, gjeldsrådgivartenesta og Bustadetaten, finner du omtalt i sluttrapporten.
Informasjonsmateriell til målgruppa
Målgruppe for prosjektet er husstandar som eig bustad i burettslag, har kommunalt lån (startlån), men står i fare for å mista bustaden på grunn av misleghald av lånet. For å sikre god informasjon om prosjektet, både til målgruppa og til «hjelparane», er det utarbeidd informasjonsmateriell om kor hjelp/råd kan finnast. Dette blei utplassert ved NAV/sosial- og gjeldsrådgivingstenestene. Prosjektet er også presentert for aktuelle involverte aktørar, og prosjektmedarbeidar Wenche Øyan har hatt foredrag om prosjektet på ulike seminar for kommunane i regionen.
Ein ny reviderte rettleiarbrosjyre er utarbeidd. I sluttrapporten er det vedlagt ulike nyttige sjekklister ved refinansiering.
Hindre tilbakefall
Erfaringar og arbeidsmetodikk, som blei utvikla og brukt i eit tidlegare samarbeidsprosjekt mellom bustadsjefen og Namsmannen i Bergen hausten 2004 for å redusere tal på utkasting frå kommunale utleigebustader, har vore brukt som utgangspunkt. Hovudmålet har vore å få etablert gode samarbeidsrutinar og tiltak, som kan hindre at problema oppstår, eventuelt tilbakevendande for husstandar som får refinansiering og/eller andre hjelpetiltak.
Det blei behandla totalt 120 saker i prosjektperioden og mykje av arbeidet var tidkrevjande. Det viste seg at ikkje alle hadde oversikt over eigne utgifter, så det var viktig å få kartlagt all gjelda først. Kjelder som blei brukt for å finne ut av dette, vert ramsa opp i rapporten, til dømes: siste sjølvmelding, fellesutgifter, ikkje opna brev/rekningar, med meir.
Unngå tvangsal
Rapporten viser ulike eksempel på korleis ein sak kan løysast, som til dømes gjennom refinansiering eller gjeldsordning-/nedbetalingsavtalar med kreditor. I andre tilfelle kan sal, enten frivillig sal, før tvangssal er gjennomført, vera løysinga. I andre tilfelle kan tvangssal vera einaste utveg.
Statistikk, refinansiering 2007 – 2011
Rapporten presenterer ulike data for startlån/tilskott som bustadetaten i Bergen har refinansiert i perioden. Prognosar viser ein auke frå 2010 til 2011 i tal på refinansiering. Kor vidt husstandane er med eller utan barn har variert i heile denne perioden, men i sum er har 105 husstandar med barn og 92 utan barn, fått refinansiert. Einslege kvinner er i klart overtal, medan husstandar i aldersgruppa 40-49 år, ligg på topp.
Enkeltsaker/ eksempel på tiltak
I rapporten blir 25 enkeltsaker omtalt. Ikkje alle har latt seg løyse, men mange har fått hjelp.
Eksempelvis: Mor med to barn. Tok sjølv kontakt. Var på etterskot med alt. Tiltak: Refinansiering.
Oppfølging
Som det også blei vist til i delrapporten er forbruksgjeld eit stort problem i gjengangersakene og stadig nye kredittlån blir ei “lettvindt” løysing for å klare å betale ubetalte rekningar. Prosjektet har i mange saker erfart at ulike variantar av psykisk sjukdom kan vere medverkande årsak.
Gjeldsrådgivartenesta/NAV-kontora bør få på plass ordningar for oppfølging- og rettleiingstenester og ikkje berre løyse akutte problem der og då, som til slutt likevel kan resultere i tvangssal. Det blir peika på kor viktig det er med oppfølging etter en eventuell refinansiering.
Ettersom prosjektperioden er over, og prosjektmedarbeidaren i kommunen ikkje lenger arbeide med denne oppgåva, fordeler bustadetaten i kommunen sakene på det ordinære saksbehandlarkorpset.
Sluttrapport:
Tvangsalgsprosjektet – Boligetaten mai 2009 – juni 2011
Kontaktperson i Husbanken Region vest: seniorrådgivar Olav Ohnstad
Tidlegare omtale av prosjektet (med delrapport)