Hopp til artikkel, meny, søk.

Utskrift

Hopp til topp, meny, søk.

Råd til eigen heim

Ein ny burettslagsmodell som er under utprøving i Bergen, kan gi unge og vanskeligstilte betre mogelegheit til å få ein eigen trygg heim.

Bustadbyggjelaga i Bergen, Bergen kommune og Husbanken har inngått ein samarbeidsavtale for å prøve ut ein ny burettslagsmodell for unge og økonomisk vanskeligstilte. Denne burettslagsmodellen vil tilføre bustadmarknaden eit nytt bustadtilbod for dei som har vanskar med å skaffe seg bustad sjølv. Her skal ein kunne leige eller eige bustad i burettslaget, og som leigetakar kan ein dessutan få høve til å overta bustaden etter ein leigeperiode på 3 – 5 år - dette med bistand frå kommunen. 

Burettslag som juridisk organisasjonsmodell kan byggje på følgjande eigarfordeling
  • 30 % av burettslagsbustadane kan kommunen eige og leige ut til unge familiar.

  • 10-20 % av burettslagsbustadene kan vere ”overgangsbustader” som bustadbyggjelaget eig, men som kommunen mellombels finansierer og disponerar ved utleige i 3-5 år til potensielle framtidige eigarar. Husbanken tildeler kommunen ekstra midlar (tilskott, lån) til å finansiere bustaden.

  • 50-60% av bustadene i burettslaget er vanlege burettslagsbustader der bustadbyggjelaget prioriterer og sel til unge medlemsfamiliar i etableringsfasen. Desse kan søkje toppfinansiering (Startlån) i kommunenBildet viser en dame på veg mot eit bustadområde.














 

Tre parallelle prosjekt startar opp for å prøve ut ulike metodar

  • Småhusprosjekt med noko eigeninnsats.
  • Modulproduksjon.
  • Fleksibel løysning basert på ei fast ytre ramme med moglegheit for enkel/nøktern materialbruk og fleksibel romløysing

- For å lukkast med dette, vil det vere nødvendig med eit nært samarbeid mellom kommunen, bustadbyggjelaga og Husbanken der alle parter er aktive bidragsytarar, seier seniorrådgivar Olav Ohnstad i Husbanken Region vest, som leiar arbeidsgruppa der rammer for samarbeidet vert utarbeidd

Samarbeidsmodellen - om forslag til type prosjekt, finansiering, organisering med meir.

Også publisert: Frå leige til eige i burettslag

Opprettet: 18.01.2008 - Sist oppdatert: 09.06.2010