Hopp til artikkel, meny, søk.

Utskrift

Hopp til topp, meny, søk.

Treng du ein tilrettelagd bustad?

Husbanken tilbyr finansiering til bustadtilpassing.

Husbanken og kommunane samarbeider om å finne den beste løysinga for nett dine behov. Vi kan gi lån og tilskott til følgjande:

  • Byggje om eller utbetre noverande bustad 
  • Kjøpe brukt bustad som passar betre 
  • Byggje ny bustad som passar godt

 Husbanken kan også tilby råd og rettleiing ved planlegging av tilpassingsarbeid.

Ver merksam på at søknad om tilskott skal sendast til kommunen.

LÅNEORDNINGAR

Grunnlån til utbetring

Prioriterte grupper som funksjonshemma og eldre kan få grunnlån til utbetring av bustader. Utbetringa skal gjere bustaden best mogleg eigna for den enkelte. Lånet kan også omfatte utbetring/bygging av garasje. Lånet kan utgjere inntil 100 prosent av dei utbetringskostnadene som Husbanken godkjenner. Føresetnaden er at samla lån til eigedommen ikkje overstig 90 % av venta omsetnadsverdi etter utbetringa. Les meir om Grunnlån.

Grunnlån til ny bustad

Du kan få grunnlån til bygging av ny bustad.  Les meir om Grunnlån.

Startlån 

Startlån er ei behovsprøvd låneordning som kommunen administrerer. Du kan få lån til topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad og til toppfinansiering ved bygging av ny bustad. Du kan også få startlån til utbetring av noverande bustad, og i spesielle tilfelle til refinansiering.

Meir informasjon om startlån finn du under menyen Lån - Startlån eller www.startlan.no.

TILSKOTTSORDNINGAR

Bustadtilskott til utgreiing og prosjektering

Husstandar som har behov for spesialtilpassing av bustaden sin, til dømes som følgje av ei funksjonshemming hos eit av medlemma av husstanden, kan søkje Husbanken om tilskott for å dekkje kostnader til fagleg bistad til prosjektering, dvs til arkitekthonorar eller liknande.

Husbanken dekkjer utgifter på inntil kr 12.000 i tilskott til prosjektering. Husbanken kan også gi tilskott til utgreiing i førekant av prosjekteringa. Tilskudd til utgreiing kan vere til dømes: enkle undersøkingar av bustad og uteområde, beskriving av teknisk tilstand på bustaden, arealbehov, moglegheiter og avgrensingar og økonomiske overslag. I særskilte tilfelle kan ein søkje høgare tilskott.

Tilskott til etablering i eigen bustad

Bustadtilskott skal bidra til at husstandar med svak økonomi blant funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre og unge i etableringsfasen skal få eigne bustader. 

Den enkelte kommunen gir bustadtilskott til enkeltpersonar og husstandar. Kommunane blir tildelt ei årleg ramme frå Husbanken for vidaretildeling til enkeltpersonar. Nokre mindre kommunar vel å vidareformidle søknadene til regionkontora i Husbanken for behandling og tildeling.

Hovudføremålet med tilskottet er å bidra til å skaffe og sikre godt eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Bustadtilskottet til etablering i eigen bustad er strengt behovsprøvt. Berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få bustadstilskott.

Husbanken tilrår at du så tidleg som mogleg kontaktar ein saksbehandlar i den kommunen du ønskjer å etablere deg i.  Saksbehandlaren i kommunen vil hjelpe med å finne ein eigna bustad og gi informasjon om finansieringsmoglegheiter og støtteordningar. Du bør på eit tidleg tidspunkt få ei vurdering av økonomien så du er trygg på at du har nok midlar til både lån og livsopphald . 

Tilskott til tilpassing av bustad

Å utbetre ein bustad inneber å gi bygningen ein høgare standard enn tidlegare, til dømes etterisolering eller andre enøk-tiltak.

Å tilpassa ein bustad inneber å gjere den betra eigna til å ta vare på spesielle behov, til dømes for funksjonshemma.

Tilskottet kan dekkje godkjende utbetringskostnader på opptil kr 40.000. I særskilte tilfelle kan ein få høgare tilskott.

Du tar kontakt med kommunen der bustaden er.

Les meir om desse tilskottsordningane under Boligtilskudd til egen bolig.

Opprettet: 15.06.2006 - Sist oppdatert: 24.09.2007