Hopp til artikkel, meny, søk.

Utskrift

Hopp til topp, meny, søk.

Frå leige til eige i burettslag

Ein kommunalt eigd burettslagsbustad kan no lettare overførast til leigar utan at forkjøpsretten kan gjerast gjeldande.

Av Gunn Helen Daatland,
Husbanken Region vest


- Etter endring i Burettslagslova er dei juridiske rammene på plass som gjer mogleg overgangen frå leige til eige i burettslagsleilegheiter som kommunen eig. Dette har vore vesentleg å prøve ut i samarbeidsmodellen mellom Bergen kommune, bustadbyggjelaga i Bergen og Husbanken, seier seniorrådgivar Olav Ohnstad i Husbanken Region vest.

Betre bustadpolitisk verktøy for kommunane

Den nye Burettslagslova blei vedteke av Stortinget 1. april 2008 og trer i kraft 1. juli 2008.

Etter lovendringa kan kommunen selje ein kommunalt eigd bustad i burettslag til leigar utan at forkjøpsretten kan gjerast gjeldande. Ei tilsvarande endring er vedteke i eigarseksjonslova.

Bildet viser en dame på veg mot eit bustadområde
Lovendringa opnar for planlagde sal og for å omsetje kommunalt eigde bustader i burettslag og eigarseksjonssameige og kan medverke til å fornying av den offentleg eigde bustadmassen. Kommunane kan ved sal av bustadane sikre at dei kjem leigarane til gode og at dei kan bli verande i bumiljøet sitt. Kommunane kan vidare bruke kjøpesummen til bustad for andre som treng dette.

- Kommunane må sjølvsagt i kvart tilfelle, vurdere nøye om det er fornuftig bustadpolitisk å overføre bustadar til leigetakarane og at dei har føresetnader for å klare dei økonomiske pliktene, seier Ohnstad.

Bakgrunn for lovendringa

Erfaringar i kommunane visar at leigetakarane i burettslaga ofte nyttar seg av forkjøpsretten sin. Kommunane mista her eit bustadpolitisk verkemiddel til å skaffe rimelege bustader til unge prioriterte og vanskeligstilte leigarar. Det har medført at fleire kommunar slutta å selje burettslagsbustader til leigarane sine.

Etter at storbyane, kommunale boligadministrasjoners landsråd og andre aktørar peika på at forkjøpsretten i burettslagslova frå 2003 gjorde det vanskeleg å fullt ut nytte den kommunale bustadmasse til å gjere leigetakarar til eigarar, utarbeidde Departementet eit unntak frå forkjøpsretten.

Vedlagt følgjer eit meir utfyllande notat frå seniorrådgivar Olav Ohnstad, Husbanken Region vest.

Opprettet: 04.06.2008 - Sist oppdatert: 09.06.2010