Ein stor del av befolkninga i Noreg har problem med astma, allergi og luftvegslidingar der inneklima i bustaden og andre bygg er ein viktig årsak.
15.10.2007 -
- Vi har nok kunnskap om korleis skape godt inneklima, men den blir ikkje godt nok brukt. Det er såleis eit gap mellom teori og praksis. Kombinasjonen konservativ byggjebransje og liten offentleg innsats på inneklima både nasjonalt og internasjonalt gjer at det går for sakte framover, oppsummerte møteleiar Chris Butters under Husbanken Region vest sin fagdag om inneklima i Bergen nyleg. Les foredraga nedanfor.
24.09.2007 -
SINTEF Byggforsk har utarbeida ein forbrukarrettleiar som gjer det lettare å ta omsyn til miljø- og inneklima ved oppussing og modernisering av bustader. Husbanken støttar prosjektet med kompetansetilskott.